Petter Puls løypa

Rett før skuleslutt blei Petter Puls løypa høgtideleg opna med snorklypping. Dette er ei heilt ny aktivitetsløype som skulen saman med Nissedal helselag har laga.


Me fekk storfint besøk denne dagen. Høyr berre her: Varaordførar(Nissedal kommune), Trygge Nissedal, helselaget lokalt, Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt fylkesstyre i Telemark, leiar av fylkeskontoret i Arendal og Nasjonalforeningen for folkehelsen sentralt samt den lokale pressa.


Logoen

Petter Puls figuren viser veg i den 500 meter lange løypa. I dag var det naturstig med innlagte praktiske oppgåver på menyen.


Pulserande informasjon


Informasjon om Petter Puls. Legg meke til den stilige puta.


Herved er ...

Varaordførar held medan Elisabeth klypper snora.


Armgangen

I eit av hindra undervegs skulle ein elev på gruppa henge så lenge som mogleg etter armane.


Tørrfor

Ny praktisk oppgåve i løypa. Raskast mogleg skulle ein fortære grizzini.


Kunnskapstesting

Her blei også kunnskapen utfordra.


Hengebrua

Fint plassert i skogen ligg hengebrua som er ei av utfordringane i løypa.


Oj, oj !!

Etter opning og naturstig, varta helslaget opp me litt av eit bord!


Alle med nye t-skjorter

Gleda var stor då alle elevane fekk kvar si flotte t-skjorte med Petter Puls på. Dette blei ein uvanleg siste skuledag for elevar,foreldre og lærarar, men særdeles hyggeleg. Skulen takkar for samarbeid og merksemd denne dagen, og ynskjer alle ein rektig god sommar!


Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås